fredag 10. oktober 2008

Mislukka lærar eller ein lærar som lukkast?

I pedagogikk timane denne uka har me snakka om det å vere ein mislukka eller lukka lærar. Det minte meg litt om den tida eg gjekk på ungdomsskolen. Derfor vil eg gjerne skrive nokon ord om dette i bloggen min denne uka.

Å vera ein lærar er ikkje alltid like lett. Det kan slå begge veier. Enten kan ein bli ein mislukka lærar eller ein lærer som lukkas. For å definere kva den læraren har så lukkas kan nemnes at ein har humoristisk sans, er effektiv med arbeidet sitt og observant på kva som skjer i klasserommet, vera fleksibel og førebyggjande slik at elevane veit at dei kan snakka med dei og til å stole på. Elevane må vere sikre på at dei kan stole på deg slik at dei fortel deg alt dei treng å fortelje deg og spesielt viss det er ting som plagar eleven.

Den mislukka læraren kan då til dømes være at ein ikkje godtar kritikk frå både elevar og lærarar. Det kan vere at ein berre er undervisningsfokusert og ikkje har fokus på læringsutbyttet. Det er viktig å vite at undervisning er ikkje det same som læring! For å få eit godt læringsutbytte er det viktig med eit godt, gjennomtenkt fysisk tilrettelegging og ha avtalte grenser. Det er viktig at elevane veit kor grensene dine går, og at ein blir merksam når ein elev prøver å overgå dei.
Det kan vere at læraren blir meir kompis til elevane, enn det han burde være og kanskje er ein dårleg undervisar. Viss ein blir for mykje kompis med elevane, kan elevane utnytta det og tru at dei slepper unna eit arbeid. Alle desse døma treng ikkje alltid å vere negative.

Kva er det med ein lærar og det å ha stil? Er det viktig for ein lærar å ha god stil?
Når eg som lærarstudent var ute i den første praksisperioden, tenkte eg på det med stil, kva ein skal ha på seg når ein jobbar med andre barn og kva ein må ta omsyn til. Ein kan ikkje komma på skolen i kler som klart skiljar deg ut frå fellesskapet, meiner eg. For eksempel som me har snakka om før i ped timane, at me ikkje skal ha til dømes t-skjorter der det står banne ord på eller andre ting som ikkje egner seg i skulen. Ein skal finne sin eigen stil og ha sjølvinnsikt, vera seg sjølv.

På ungdomsskulen hadde eg ein lærar i fransk, som er eit eksempel på den dårlege læraren. Me fikk han fordi han me hadde først, hadde for mange andre oppgåver å ta seg av at han ikkje kunne ha oss lenger. Det var eigentleg litt trist fordi han var ein veldig strenge lærar og som eg har satt stor pris på i dei seinare årene, sjølv om eg ikkje gjorde det når eg gjekk på ungdomsskulen. Han gav oss masse lekser og viss me ikkje gjorde leksene, så måtte me gjer dei tre gonger. Ikkje at det var så mykje lekser me fekk heller. Han visste korleis han skulle få respekt i klassen og han hadde vært lærar i så mange år at han nesten var klar for pensjonsalder. Men likevel var det mange som saknet han når me måtte bytte lærar.

Den andre læraren var ikkje så opptatt av at me skulle lære fransk, men heller lære om kulturen og om kva som hadde skjedd i Frankrike. I og for seg var det og ein viktig del av det å lære språket fransk, men me kom der for å lære om språket, og ikkje om kulturen og om han sjølv. Ja, for han kom og med mange historier med ting han hadde opplevd og sett som kanskje ikkje hadde så mye med Frankrike ein gong å gjøre. Han kom heile tida på villspor og klarte ikkje å ha fokus på læring. Det vart så gale at elevane sjølv gjekk opp til rektor og protesterte mot denne læraren. Dei ville lære språket og snakka på fransk og ikkje alt anna.

Etter denne protesten mot denne læraren, ble han i alle fall litt meir bevisst på det å lære oss språket, i staden for å snakke om alt anna. Det gjorde at mange lærte i alle fall litt meir språk når dei gjekk ut av tiande (for dette var det siste året på ung. skulen) enn det dei hadde lært det siste året. Eg trur og håpar han har halde fram med det å undervise og haldt fokuset på det å lære språket, framfor det med å fortelje om alt anna i seinare tid.

Slike episodar er det sikkert mange som kjenner seg igjen i. Derfor er det viktig å lære av og deira feil og vite at sånn skal det ikkje være i ein undervisning. Me har mykje å lære av før me blir noen gode lærarar, og det viktigaste er at vite at ein ikkje kan bli ein god lærar etter bare noen få økter med undervisning, men at ein må ta til seg kritikk frå andre lærarar og lære av feilane sine. Ein må kunne reflektere over feilane sine og sjå kva som har ført til at ein slik feil har oppstått og prøve å unngå det ein anna gang.

3 kommentarer:

Anders sin pedagogikkblogg sa...

Det er mange faktorar som er med og avgjer om ein lærar får det til eller ikkje. No er det snart praksis, kva tankar gjer du deg rundt di rolle då?

I væremåten din, undervisninga, kva vil du leggje mest vekt på?

Steinar sa...

Det er utan tvil viktig som du skriv, å finne sin eigen stil.

Episoden med fransklæraren illustrerer kanskje også at faginnhald heller ikkje er sjølvsagt. Fransk er ikkje berre språk, men også kjennskap til fransk kultur og levevis- så de og lærararen hadde nok litt ulikt syn på vektleggjinga her.

Ingunn Marie sa...

Hei!
takk for gode kommentarer.
Anders:
På dei få dagane eg har vært i praksis har eg merka at det e veldig viktig å "vere til stede" i undervisningen er veldig viktig. det betyr at du ikkje skal tenke på alt annet når du underviser, men være til stede slik at du får med deg alt.

Dette er veldig vanskelig og det trengs mye øving før ein klarer dette.

I tillegg er det viktig å leggje vekt på det å vise at det faktisk er eg som er sjefen i klasserommet og at dei ikkje skal gå imot meg.